Menneskerettar - ikkje for tamilar

· Hittil i desember er 21 menneske deporterte frå Noreg til Sri Lanka.

· Den 10. Desember 1998 var det 50 år sidan menneskerettsiråsegna til FN var underteikna.

· Samstundes foregår det ei bølgje av arrestasjonar og deportasjoner av tamilske asylsøkjarar frå mennskerettslandet vårt.

· Nobels fredspris vart også i år utdelt på årsdagen for menneskerettane.

· I menneskerettsåret 1998 har fleire tamilske asylsøkjarar prøvd å ta livet sitt i samband med arrestasjon.

Måten politiet og dermed den norske staten utfører arrestasjonane av asylsøkjarar på bryt systematisk med dei feira menneskerettane. Likskapen med Gestapo-metodane mot nordmenn under siste verdskrig er slåande: Brått og uvarsla kjem politiet, oftast i seks-tida om morgonen. Huset vert kringsett, den ettersøkte får ein time på seg til å gjere seg i stand. Asylsøkjarar som har flykta frå heimlandet sitt, gjenopplever no forfylgjinga her hos oss.

Dette skaper angst og dels panikk på asylmottaka kringom i landet. I sommar hoppa ei kvinne frå Iran ut av vindauget på Melbu asylmottak då politiet kom. Ho braut korsryggen og vart lam frå livet og ned. I november arresterte politiet ei tamilsk kvinne og ein mann ved Ullensvang asylmottak. Kvinna var nyoperert og hadde store smerter. Mannen vart send til Sri Lanka dagen etter. Kvinna fekk psykisk samanbrot i samband med arrestasjonen. Advokaten hennar protesterte. Men sjøl om utlendingsdirektoratet kjende til den tilstanden kvinna var i, vart ho fengsla ei natt til og sendt til Sri Lanka morgonen etter.

Dette er dessverre berre nokre få døme på korleis justisministeren vår tek vare på dei 50 år gamle menneskerettane. Det skjer altså i eit land som held seg med Verdikommisjon, menneskerettsminister og attpåtil ein prest til statsminister! Kanskje det er bra for regjeringa at menneskerettsåret snart er historie? Og at jula er den tida englane dalar ned i skjul. Så dei slepp svare for den hjartekalde røyndomen dei er ansvarlege for bak den fromme fasaden.

Florø, 21.12.98

Kari-Ann Søreide